Dei 15 personane er utanlandske statsborgarar som har hatt opphaldsløyve i Noreg. Dei er no varig utvist på grunn av koplingar til ekstremistgruppa IS, melder NRK.
– Dette er IS-krigarar og IS-mødrer som har reist ut av landet vårt for å delta i IS, seier justisminister Jøran Kallmyr (Frp).
Alt i alt har rundt 100 personar med tilknyting til Noreg reist for å bli med i IS. Mange av desse er utanlandske statsborgarar som har hatt opphaldsløyve i Noreg.
Kallmyr meiner det berre skulle mangle at ikkje Noreg trekte tilbake opphaldsløyvet i slike tilfelle.
– Vi kjem til å sørgje for at alle i denne porteføljen med utlendingar har reist nedover, og som har norsk tilknyting, ikkje får lov til å komme tilbake til Noreg, seier han til NRK.
Formelt har norske styresmakter nytta seg av ei avgjerd om at opphaldsløyvet kan trekkast tilbake når ein har vore ute av landet i to år.
Kallmyr varslar at personane det gjeld, vil bli arrestert for brot på utlendingslova viss dei prøver å ta seg inn Noreg eller andre land i Schengen-området.
(©NPK)