Skiensmann dømt for utpressing

Ein 21 år gammal mann frå Skien må i fengsel etter at han prøvde seg på utpressing mot ein annan mann på Gaysir, ein nettstad for homofile og bifile.
innenriks

21-åringen vart i Nedre Telemark tingrett dømt til to månaders fengsel.

21-åringen utgav seg fjor å vere 14 år då han i fjor sommar avtalte å møte ein homofil mann på nettstaden Gaysir. Deretter kravde han 4.000 kroner for å halde tett om den ulovlege avtalen, melder Varden.

Mannen i 30-åra frå Larvik nekta å gi etter for utpressingsforsøket, og gjekk i staden rett til politiet, sjølv om det betydde at han òg måtte angi seg sjølv.

Politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter, som var aktor i saka fortel at det er opna etterforsking mot Larvik-mannen òg. Det å inngå avtale om å møte 14-åringar for å ha sex er eit lovbrot. Denne saka er framleis under etterforsking.

(©NPK)