Politiet vil heve skredtatt bil i Jølster

Politiet vil heve bilen som vart tatt av skred i Jølster i Sogn og Fjordane i sommar. Bilen er funnen på 170 meters djup i Jølstravatnet.
innenriks

– Det har skjedd så lite med siktforholda sidan i sommar at vi no har fokus på å få bilen heva. Vi har stor respekt for belastinga det er for familien til sakna og pårørande å vente på svar, seier regionlensmann Arne Johannessen i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Politiet har fått pengar til å starte anbodsrunde om heving av den skredtatte bilen i Jølstravatnet. Truleg vil kostnadene vere i millionklassen, etter det BT erfarer.

– Viss det lèt seg gjere, noko vi enno ikkje veit, vil det bli ein utruleg krevjande jobb, seier Johanessen.

Politiet meiner å ha lokalisert bilen på 170 meters djup, delvis tildekt av rasmassar. Men sikta i vatnet har til no vore så dårleg at det ikkje har vore mogleg å undersøke funne nærare.

Ein mann i 50-åra har vore sakna sidan eit breitt ras gjekk over fylkesveg 451 i Jølster kommune tysdag 30. juli. Raset feia med seg delar av vegen ut i vatnet.

(©NPK)