Noreg og Kina nærare semje

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) melder om framgang i handelssamtalane med Kina.
innenriks

Den 16. forhandlingsrunden vart gjennomført i Wuhan i Hubei-provinsen i Kina denne veka. Forhandlingane var prega av positiv framgang, seier Nærings- og fiskeridepartementet.

– Forhandlingsrunden stadfesta at Noreg og Kina har eit felles ønske om å ferdigstille forhandlingane om ein frihandelsavtale, seier Isaksen i ei pressemelding.

Han tar likevel atterhald om at det står att å finne løysingar på fleire krevjande område.

– Dette gjeld spesielt marknadstilgang for varer, seier Isaksen.

Utfordrande diskusjonar

Noregs mål i samtalane er å få så mykje tollfridom som mogleg for industrivarer og sjømat. Kina ønsker for sin del meir tilgang til den norske landbruksmarknaden, noko som neppe vil glede norske bønder.

Diskusjonane om desse spørsmåla blir beskrivne som utfordrande.

Det forhandlarane derimot vart samde om denne veka, er kapittelet om offentlege innkjøp og kapittelet om institusjonelle avgjerder i den nye frihandelsavtalen.

Det blir no tatt sikte på nye forhandlingar i Beijing i november.

Normalisering

Frihandelsforhandlingane starta allereie i 2008, men stoppa opp på grunn av isfronten som oppstod då den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo vart tildelt Nobels fredspris i 2010.

I 2016 inngjekk Noreg og Kina ein avtale om normalisering, slik at forhandlingane kunne takast opp att.

Ei utrekning frå Nærings- og fiskeridepartementet frå februar i år viser at ein frihandelsavtale med Kina blir anslått å kunne gi ekstra eksportinntekter for varer på 29 milliardar kroner over ein periode på ti år.

Skepsis

Men Kinas veksande økonomiske interesse for Europa møtest òg med skepsis.

Ei viktig bekymring har vore Kinas omfattande investeringar i utanlandsk infrastruktur som hamner, jernbane og vegar. Kritiske stemmer meiner slike investeringar kan setje europeiske land i avhengnad og gjere dei sårbare for økonomisk og politisk press frå kinesisk side.

Ei anna bekymring har vore at Kina skal misbruke auka marknadstilgang til å drive med spionasje.

(©NPK)