Marianne Chesak ny fylkesordførar i Rogaland

Ap, Sp, KrF, MDG og Venstre har vorte samde om samarbeid i Rogaland. Marianne Chesak (Ap) blir ny fylkesordførar, skriv Stavanger Aftenblad.
innenriks

– Sjølv om vi kjem frå fem ulike parti, delar vi grunnleggande verdiar og tankar om kva for eit Rogaland vi ønsker oss. Det handlar om ei satsing på skule, samferdsel og auka framkome og ei grønare satsing, seier Chesak i ei pressemelding til avisa.

Arbeidarpartiet får i tillegg til fylkesordføraren leiaren av regional- og kulturutvalet. Senterpartiets Arne Bergsvåg blir varaordførar, Alexander Rügert-Raustein (MDG) blir leiar av samferdselsutvalet og tidlegare fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF) blir leiar av opplæringsutvalet.

Førre periode var det KrF, Senterpartiet, Venstre og Arbeidarpartiet som samarbeidde om å styre Rogaland. Den nyslåtte fylkesordføraren Marianne Chesak var varaordførar.

Ifølgje Stavanger Aftenblad var dei fire partia samstemte om å invitere MDG med i samarbeidet allereie på valkvelden.

(©NPK)