Mann siktet for terrorforbund skal ha vorte religiøs etter knivstikking

Den 23 år gamle mannen som er sikta for terrorforbund, skal ifølgje Varden ha vorte religiøs etter han som 18-åring vart knivstukken og alvorleg såra.
innenriks

Etter den traumatiske opplevinga skal han ha endra seg og vorte opptatt av religion, seier fleire kjelder i det somaliske miljøet til Varden.

Mannen vart arrestert av Politiets tryggingsteneste (PST) torsdag og sikta for terrorforbund. Dagen etter vart han i Oslo tingrett fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, slik politiet bad om.

Terrorforbund inneber at fleire samarbeidde om å planlegge eller førebu terrorhandlingar. Dette har ei strafferamme på ti års fengsel.

Varden får stadfesta at grunnlaget skal vere at PST meiner han skal ha spreidd informasjon til andre om korleis ein sver truskap til IS. Han skal òg ha gitt råd til ein person som skal ha gitt uttrykk for at han planla ein terroraksjon.

– Klienten min stiller seg heilt uforståande til siktinga, og erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvararen hans, Knut-Ole Bakke Hansen.

Radikaliseringa skjedde ifølgje kjeldene etter eit opphald i Egypt og i eit asiatisk land, truleg Indonesia eller Malaysia.

23-åringen er ifølgje Varden den tredje frå det somaliske miljøet i Grenland som blir knytt til terror. Djibril Abdi Bashir vart i 2016 dømt for terrormedverknad og ein annan mann frå miljøet vart drepen i Syria.

23-åringen fekk i 2016 samfunnsstraff då han vart dømt for innehav av 15 gram av det narkotiske stoffet MDMA.

(©NPK)