MDG vil lovfeste nullvekstmål

Miljøpartiet Dei Grøne vil lovfeste eit mål om at all vekst i persontransporten i dei største byane skal skje med gonge, sykkel og kollektivt.
innenriks

Stortingsrepresentanten for partiet, Une Bastholm, seier til ABC Nyheter at det såkalla nullvekstmålet står på spel på grunn av regjeringa sin politikk.

– I regjeringsplattforma opnar dei for å «vidareutvikle» nullvekstmålet. Fram til regjeringa fekk bompengepanikk, trudde eg ikkje det betydde at dei ville skrote heile nullvekstmålet og erstatte det med eit klimamål, men det er tydeleg at det er kva Frp ønsker, seier Bastholm.

Venstre kallar forslaget «interessant», og vil vurdere det når saka blir behandla i Stortinget, men stortingsrepresentant Guri Melby (V) trur ikkje MDG kan ta det for gitt at alle dei raudgrøne partia i opposisjon på Stortinget vil støtte forslaget.

– Avstanden mellom Sp og MDG er vel så stor som mellom Frp og Venstre, hevdar ho.

Melby avviser at bompengeavtalen mellom regjeringspartia hemmar nullvekstmålet.

(©NPK)