Laksepakkeri ankar dom i arbeidsrettssak

Sund laksepakkeri vart i sommar dømt til å betale erstatning til 45 polske arbeidarar som vart nekta arbeid. No ankar lakseselskapet dommen.
innenriks

Leiarane i laksepakkeriet på Sotra stifta eit nytt selskap på same stad med same kundar etter at dei gjekk konkurs. Berre arbeidarar som ikkje var organiserte i fagforeiningar, fekk jobb i den nye verksemda.

Dei 45 arbeidarane fekk i Bergen tingrett tilkjent fleire hundre tusen kroner kvar i erstatning for tapt inntekt og oppreisningserstatning. Laksebedrifta hevda på si side at verksemda deira ikkje var ei fortsetjing av selskapet som gjekk konkurs. No har dei anka saka, skriv FriFagbevegelse.

Advokaten til laksepakkeriet Dag Borgen Nøtvedt seier at han meiner retten gjorde feil sidan Sund Laksepakkeri er gjort ansvarlege for det som skjedde i bedrifta som gjekk konkurs, og at det var på grunn av kvar enkelts framferd at dei ikkje fekk jobb i det nye selskapet.

– Åtferda betyr at dei ikkje er kvalifiserte, og det er ei lovleg forskjellsbehandling etter Arbeidsmiljøloven, seier Nøtvedt.

Advokat for dei tidlegare tilsette, Edvard Bakke, synest det er overraskande at selskapet ankar dommen, sidan han var samrøystes i Bergen tingrett. Han meiner at det i anken berre blir gjentatt påstandar som dommarane i Bergen tingrett var usamde i.

(©NPK)