Hund avliva etter å ha bite fireåring i Nordfjord

Hunden som beit ein fire år gammal gut i hovudet i Gloppen i Sogn og Fjordane, er avliva.
innenriks

Hunden vart avliva tysdag, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politiet vedtok avliving i august, men hundeeigaren klaga på vedtaket. Etter å ha vurdert saka på nytt trekte eigaren klaga og samtykte til avliving.

Det hende i juli. Guten var med faren sin til ein gard i Gloppen for å kjøpe bær. Ein hund som stod bunden fast, angreip fireåringen. Guten skal ha vorte biten fire til ti gonger i hovudet.

Det vart oppretta straffesak etter hendinga, men denne vart lagt bort. Politiet fann ikkje noko som kunne straffast ved korleis eigaren hadde handtert hunden.

(©NPK)