Enorm auke i talet på unge uføre

Det har vore ein svært kraftig auke i talet på uføretrygda mellom 25 og 29 år dei siste åra. Sidan 2010 er auken heile 177 prosent.
innenriks

I 2010 var det 4.027 uføretrygda i denne aldersgruppa. I 2019 har dette talet auka til 11.158 personar, viser tal frå Nav.

Auken på 177 prosent er den desidert største blant alle aldersgrupper.

Talet har auka kvart år sidan 2010. Frå 2018 til 2019 har det vore ein oppgang på 16,5 prosent. Det svarer til 1.578 personar.

Kraftig auke blant yngre

Også blant dei som er yngre, har det vore ein svært kraftig auke.

I aldersgruppa 20 til 24 år har talet på uføre meir enn dobla seg sidan 2010.

For ni år sidan var 3.209 personar i denne aldersgruppa uføretrygda. I 2019 har talet på auka til 6.502 uføre personar. Det svarer til ein oppgang på 103 prosent.

Blant dei mellom 18 og 19 år er oppgangen òg stor. I 2010 var det 956 uføre personar i denne aldersgruppa. I 2019 er det 1.424 personar, og dermed har det vore ein auke på 49 prosent.

I nær alle aldersgrupper har det vore ein auke i talet på uføre sidan 2010. Unntaket er dei mellom 60 og 67 år.

Fekk AAP

81 prosent av dei mellom 25 og 29 år som vart uføre det siste året, fekk arbeidsavklaringspengar, ifølgje P4.

Regjeringas kutt i arbeidsavklaringspengar har gjort at ein del ikkje får den oppfølginga dei treng, meiner Ap-nestleiar Hadia Tajik.

– Ein del av dei som no blir over skovne på 100 prosent uføretrygd, er folk som eigentleg kunne ha jobba litt, men dei får ikkje ei avklaring tidsnok, og dei får ikkje ei avklaring som bidrar til å få dei ut i jobb, seier Tajik til kanalen.

– Nav må gjere meir

Leiar Erlend Wiborg (Frp) i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget meiner regjeringa har tatt fleire grep for å hindre auken og seier at Nav kan gjere meir.

– Dei aller fleste har ei arbeidsevne og då er det opp til Nav å finne henne og nyttiggjere seg av henne, seier Wiborg.

(©NPK)