Dagny Sunnanå Hausken (Sp) blir varaordførar i Stavanger

Samarbeidspartia i Stavanger vart torsdag ettermiddag samde om å innstille Dagny Sunnanå Hausken (Sp) til varaordførar.
innenriks

Dag Mossige i Stavanger Arbeiderparti stadfestar overfor Rogalands Avis at samarbeidspartia har vorte samde om å innstille Hausken.

Ap, FNB, MDG, SV, Raudt og Sp har sidan tysdag vore i forhandlingar etter at dei vart samde om å inngå ein valteknisk avtale. Torsdag vart det kjent at også KrF blir med på avtalen.

Ifølgje Dagny Sunnanå Hausken vart fleirtalet ganske fort samde om å innstille henne som varaordføraren til den nye storkommunen.

– Det har vorte peika på meg som ein naturleg kandidat tidlegare, men eg tok det likevel ikkje som sjølvsagt at eg skulle bli valt. Å få moglegheit til å jobbe i ein hundre prosent stilling i Stavanger-politikken er eg takknemleg for, seier ho.

Frå før er det kjente at Kari Nessa Nordtun (Ap) blir Stavangers nye ordførar dersom dei raudgrøne samarbeidspartia blir samde om ei politisk plattform. Å vere i tospann med Nordtun ser Hausken fram til.

– Eg trur at Kari og eg kan bli eit godt team. Vi snakkar godt saman. Det er viktig når vi skal jobbe så tett, understrekar ho.

(©NPK)