Dagens Næringsliv skal kutte 30 millionar kroner

Dagens Næringsliv skal kutte 30 millionar kroner, mellom anna ved å nedbemanne.
innenriks

Torsdag morgon var dei tilsette i avisa kalla inn til eit allmøte. Ifølgje opplysningar som kom til både Journalisten og Medier24, informerte leiinga dei tilsette om nedskjeringane.

Fem av millionane som skal sparast inn, er knytte til trykkerikostnader. Dei resterande skal i all hovudsak vere kostnader knytt til personalet, ifølgje Medier24. Dermed går det mot nedbemanning.

Det skal førebels ikkje ha komme detaljert informasjon om moglege sluttpakkar. Ifølgje kjelder skal DN-leiinga informere dei tilsette torsdag 19. september om korleis den nye organisasjonen skal sjå ut.

Avisa har hatt ein stabilt bratt nedgang i omsetning frå toppåret 2013 med 715 millionar kroner i inntekter.

Dagens Næringsliv er eigd av mediekonsernet NHST, som også eig Morgenbladet. Nyleg vart det kjent at Morgenbladet må spare åtte millionar kroner og har tilbode tilsette sluttpakke.

Totalt omsette NHST Media Group for 301,2 millionar kroner i andre kvartal, ned frå 332,5 millionar kroner i same periode i fjor. Driftsresultatet enda på 10,8 millionar kroner.

(©NPK)