Bellona meiner opprydding etter atomreaktorar går for sakte

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) møtte torsdag miljøorganisasjonar og LO om fjerninga av atomreaktorar. Bellona meiner prosessen går for sakte.
innenriks

Reaktoren på Kjeller vart lagt ned tidlegare i år, medan Halden-reaktoren stengde i fjor. Dei to hadde då vore i drift sidan høvesvis 1967 og 1958.

Det noverande anslaget er at arbeidet med å fjerne dei kan ta nesten 70 år og koste over 20 milliardar kroner.

Under møtet i Oslo torsdag var òg representantar for delar av forvaltninga til stades.

– Djup bekymring

Bellona-sjef Frederic Hauge seier at dei har komme med fleire konkrete innspel til prosessen framover. Organisasjonen oppmodar mellom anna til ein open diskusjon om kvar i Noreg atomavfallet skal plasserast.

– Det ligg ein smule frustrasjon og ei djup bekymring over at vi ikkje har komme lenger, og dessutan over innstillinga til å løyse dette problemet, seier Hauge.

Miljøorganisasjonen meiner at ansvaret for avfallet skulle ha vore flytta frå Institutt for energiteknikk (IFE) til Norsk Nukleær dekommisjonering, som er eit selskap oppretta for å ta hand om alt atomavfall.

Bellona ikkje fornøgd

På møtet fekk regjeringa positive tilbakemeldingar på at den tar utfordringa med opprydding etter IFES aktivitet på alvor, opplyser Næringsdepartementet. Bellona er fornøgd med at dei får komme med innspel, men meiner at prosessen går for treigt.

– Vi er ikkje så veldig fornøgd. Vi er òg djupt bekymra over kostnadene knytt til dette, og at det ikkje blir sett av nok pengar, seier Hauge.

I 2020 skal regjeringa komme med ei stortingsmelding om reaktorane. I samband med dette blir det halde tre innspelsmøte. Dei to neste vekene blir det møte i både Halden og på Kjeller.

Isaksen: – Kan ta lang tid

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier i ei fråsegn til NTB at det kanskje vil ta like lang tid å rydde opp etter den nukleære verksemda som det har vore reaktorar i drift i Noreg.

– Dei kommande åra vil anslaga for kor lang tid arbeidet tek og kostnadene bli betre, seier han.

– Derfor er det viktig at vi gjer dette riktig no frå start. Vi skal ha ein trygg og sikker handtering av avfallet. Vi skal få innspel og høyre på internasjonal ekspertise, held han fram.



(©NPK)