Ap-fylkesleiarar fredar partileiinga

Fleire fylkesleiarar i Arbeidarpartiet avviser at det nokon grunn til å byte ut partileiinga etter valnederlaget.
innenriks

Fleire Ap-ordførarar har gått ut i Nationen og kritisert kursen frå partileiinga etter det historisk dårlege kommune- og fylkesvalet, då Ap berre fekk 24,8 prosent av stemmene. No seier fleire fylkesleiarar P4 har snakka med, at partiet må bli tydelegare for å få fram politikken sin. Men dei fredar leiinga.

– Eg er ikkje ute etter å ha hovud på noko fat. Dette er eit fellesansvar, seier fylkesleiar i Østfold, Stein Erik Lauvås.

Heller ikkje frå Troms og Finnmark, der Ap har tapt stort til Senterpartiet, kjem det krav om leiarbyte.

– Eg har full tillit til leiinga i Arbeidarpartiet, seier Kristina Hansen, som er fylkesleiar i Finnmark, til P4.

Men ho understrekar at ho ikkje er fornøgd med at partiet er langt nede på 20-talet i oppslutning.

– I Nord-Noreg er det eit signal om at vi ikkje har lytta nok til folket. Vi har historisk sett vore størst i nord, og vi må ta det dårlege resultatet på alvor. Det handlar om at vi må bygge Nord-Noreg for den moderne tida, og Arbeidarpartiet må vere i førarsetet når det mellom anna gjeld infrastruktur og satsing i nordområda, seier Hansen.

(©NPK)