54.400 kubikkmeter rasa ut i skredet på Veslemannen

Det er berre små område i rørsle igjen på Veslemannen etter raset som vart utløyst 5. september, ifølgje NVE.
innenriks

I ei oppsummering etter raset skriv Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) at 54.000 kubikkmeter rasa ut i fjellskredet førre veke, og at totalt 70.000 kubikkmeter masse har rasa ut dei siste åra.

– NVE har hatt gode radarmålingar frå området etter hendinga. Data viser at det berre er små område igjen med noko rørsle, og ei helikoptersynfaring dagen etter skredet stadfesta dette, fortel seksjonssjef Lars Harald Blikra i NVE.

Det er likevel ein del lausmassar frå skredet som ligg att, som kan bli mobilisert ved sterk nedbør.

Massen kan ifølgje NVE gå som eit lausmasseskred. Det har ikkje potensial til å nå busetnad, men kan gå over beitemark og ned mot Raumabanen.

– NVE kan ikkje overvake desse massane, men vi har orientert bebuarar, Rauma kommune og Bane Nor om forholda, seier Blikra.

(©NPK)