Åtte hundar til har vorte sjuke – ein av dei er død

Det er meldt om åtte nye tilfelle av sjuke hundar sidan onsdag, opplyser Mattilsynet. Ein av hundane har døydd.
innenriks

Dei nye sjukdomstilfella er frå Buskerud, Vestfold, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark, opplyser Mattilsynet.

Veterinærinstituttet, NMBU Veterinærhøgskolen og fleire veterinærklinikkar samarbeider for å finne ut kva som forårsakar sjukdommen.

Fleire hundar har vorte obduserte. I til saman ni av dei obduserte hundane er det funne bakteriane Providencia alcalifaciens. Hos fleire av hundane er òg bakterien Clostridium perfringens påvist.

Det er førebels ikkje klart om bakteriane er årsaka til utbrotet.

Utbrot eller enkelttilfelle

Det ser ut til at bakteriane finst naturleg hos nokre friske hundar, viser undersøkingar frå Veterinærinstituttet. Dei skal no undersøke om Providencia-bakteriane høyrer til same bakteriestamme.

– Dette kan avklare om tilfella er kopla saman i eitt utbrot, eller om det er fleire enkelttilfelle, opplyser Mattilsynet.

Det kan uansett verke som om sjukdommen ikkje er så smittsam som først frykta. I dei fleste tilfella der det har vore fleire hundar i same dyrehald, har berre éin hund vorte sjuk.

– Dette kan tyde på at ein eventuell sjukdom ikkje er veldig smittsam mellom hundar.

Mattilsynet oppmodar likevel hundeeigarar til å avgrense nærkontakten mellom hundar.

Ingen fellestrekk

Hittil er det ikkje funne fellestrekk mellom sjukdomstilfella hos hundane med tanke på alder, rase, fôring, turområde eller kontakt med andre hundar. Det er ikkje kjent om det er ein samanheng mellom dødsfalla.

Fleire hundar er døde etter å ha hatt blodig diaré den siste tida. Endå fleire har fått symptoma.

Dei sjuke hundane har symptom som oppkast, blodig diaré og redusert allmenntilstand.

(©NPK)