Tiggeforbodet i Sola står for fall

Det nye fleirtalet i Sola har ingen avtale om å la kommunen behalde statusen som den einaste i Noreg med tiggeforbod. No kan forbodet stå for fall.
innenriks

Valresultatet viser nemleg at Høgre og Frp ikkje lenger har fleirtal for å halde oppe tiggeforbodet dersom politivedtektene skal reviderast, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det er forkasteleg at vi synest det er så vanskeleg å ta omsyn til fattige folk at vi vel å forby det, seier påtroppande varaordførar Siv-Len Strandskog (Ap).

I den politiske plattforma for samarbeidspartia Frp, Ap, Sp og FNB som vart presentert tysdag kveld, kjem det fram at kvart enkelt parti kan ta sitt eige standpunkt når det gjeld mottak av talet på flyktningar.

Toppane i dei fire partia stadfestar overfor avisa at moglegheita til å stemme for eige standpunkt òg vil gjelde det omstridde tiggeforbodet Sola innførte i 2017.

Tiggeforbodet er ein del av politivedtektene som kvar enkelt kommune har myndigheit til å forme.

– Viss det no viser seg å vere fleirtal for å oppheve det, vil eg i første møte be ordføraren om at revidering av politivedtektene kjem på sakskartet, seier Venstres Anja Berggård Endresen.

(©NPK)