Simen Bondevik (19) valt inn i Nordre Follo

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondeviks barnebarn, Simen Bondevik, er valt inn i kommunestyret i Nordre Follo i Akershus.
innenriks

– Det gleder meg at både veljarane våre og andre veljarar har vist meg tilliten, seier Simen Bondevik til Vårt Land om at han har vorte folkevalt for første gong.

Bondevik kapra plassen på kostnad av KrFs kommunikasjonsrådgivar på Stortinget, Dag Andreas Fedøy, som likevel var kjapt ute med gratulasjonar til 19-åringen.

Årsaka til at Bondevik kom inn, var at han fekk 137 personstemmer frå KrF-arar og 134 slengarar frå veljarane til andre parti. Dermed kunne han avansere frå andre- til førsteplass på KrFs liste i kommunen.

(©NPK)