SV vil ikkje ha med KrF i Trondheim

Dei raudgrøne partia treng ikkje KrF for å få fleirtal i Trondheim, og no vil SV kaste KrFs eine representant ut av samarbeidet. Men Ap seier nei.
innenriks

KrF og toppkandidaten til partiet Geirmund Lykke har vore med i Ap-ordførar Rita Otterviks koalisjon i Trondheim heilt sidan 2011. Det vil SV no ha ein slutt på, skriv Adresseavisen onsdag.

– SV ønsker eit Trondheim som er raudare og grønare. Då er det ikkje noko poeng å søke ein breiast mogleg koalisjon, slik Ap tar til orde for, seier SVs forhandlingsleiar Mona Berger til NTB.

– Vi vil sørgje for utsleppskutt i Trondheim, og at vi får gjort noko med forskjellane i byen, seier ho.

Ottervik ønsker primært å samarbeide med SV, Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og altså KrF. Men viss SV gjer alvor av trusselen om å forlate koalisjonen dersom KrF blir verande innlemma, ryk fleirtalet. Då må Raudt i så fall inn i staden.

(©NPK)