Regjeringa vil endre personopplysningslova

For å hindre at offentlege tilsette og andre blir hengde ut på nett vil regjeringa endre personopplysningslova.
innenriks

Justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr (Frp) meiner den teknologiske utviklinga gir nye moglegheiter for innsamling og publisering av informasjon om einskildmenneske som kan vere problematisk.

– Det skaper utfordringar for den enkeltes personvern, og det er viktig at lovverket tek høgde for desse utfordringane, seier Kallmyr i ei pressemelding.

Han meiner at utforminga av lovverket i dag gjer det vanskeleg for den enkelte å protestere viss bruken av personopplysningar har gått lenger enn ytringsfridommen gir rett til. Samtidig må ikkje lovendringane hindre ytringsfridommen.

Regjeringa foreslår mellom anna at det bør opnast for meir nyanserte vurderingar mellom ytrings- og informasjonsfridommen og personvernet.

– Særleg i samband med ytringane til enkeltpersonar på internett vil det kunne skje at den som ytrar seg, hevdar at formålet er journalistisk, medan den som ytringa gjeld, meiner at formålet i realiteten er noko anna, til dømes sjikane eller uthenging, heiter det i høyringsnotatet.

Endringa vil ikkje ha tyding for redaktørstyrte medium som arbeider etter det presseetiske regelverket og sjølvdømmesystemet, ifølgje Justisdepartementet.

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt forslaget til endringar på høyring. Høyringsfristen er 6. desember.

(©NPK)