MDG kan gi Raudt og Frp makt i Rana

Det er ikkje ofte Raudt og Framstegspartiet på kvar sin ytterfløy i norsk politikk samarbeider, men MDG kan sørgje for at det skjer i Rana i Nordland.
innenriks

Det er endra skulestruktur og bygging av ein kontroversiell storskule for ungdomsskuleelevar som har skapt den uvanlege konstellasjonen.

Saman med Raudt og Frp går òg Senterpartiet og Venstre mot den nye skulestrukturen, medan Ap, SV og Høgre er for. Etter valet har begge blokkene 18 mandat, og dermed vippar Miljøpartiet Dei Grøne med sitt eine mandat fleirtalet, melder NRK.

Det er førebels uklart kvar MDG landar.

– Vi har lagt planar for kva for saker vi vil ha gjennomslag på og tar ikkje side før vi ser konturane av kven som gir oss mest, seier MDGs førstekandidat i Rana, Olav Nyjordet.

(©NPK)