Lågtrykk i kø mot Noreg – Øst- og Sørlandet i le

Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg får vått vêr og mykje vind i helga. Det er sendt ut farevarsel for fleire område. Vêrvinnarane finn vi Østafjells.
innenriks

Onsdag hadde Nord-Noreg ein flott dag, og enkelte stader i Nordland gjekk temperaturen over 20 grader. Men dette endrar seg torsdag, då restane av orkanen Dorian når området.

– Då blir det meir vind og våtare, fortel Pernille Borander, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, til NTB.

Ho beskriv lågtrykka slik dei står fram i varslingssystema, som «perler på ein snor».

Farevarsel

Det er sendt ut farevarsel om snø i fjellet i Sør-Noreg, og dette gjeld frå torsdag kveld og utover. Farevarsel er det òg om mykje snø i Trøndelag, Nordland og Troms. Det gjeld fredag og laurdag – og frå mellom 500 og 800 meter og oppover.

Ifølgje meteorologen kan det komme 10 til 20 millimeter nedbør på fjellovergangane. Tommelfingerregelen tilseier at 10 millimeter nedbør blir 10 centimeter snø.

– Skal ein over fjellovergangar, bør ein vurdere vinterdekk eller å ikkje dra i det heile, rår meteorologen.

I tillegg har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sendt ut jordskredvarsel på gult nivå for Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal. Dette omfattar torsdag, fredag og laurdag.

Fallande temperatur

Fram mot helga fell temperaturen i Nord-Noreg. Fram mot søndag vil han falle til under 10 grader, og meteorologen fortel om ganske store vêrskifte, inkludert ein del vind. Den låge temperaturen gjer at snøgrensa fell.

– Forhåpentlegvis blir det ikkje noko snø i låglandet, men det er fare for sludd, seier meteorologen

Søndag kjem eit nytt og endå litt kraftigare lågtrykk inn over landsdelen. Det ser ut til å gå rett inn mot Norland og vil òg vere påviseleg i noko av Troms.

I veka som kjem, held lågtrykket frå vest fram.

– Det blir framleis vått og grått vêr, seier Pernille Borander.

Opp i 70 millimeter nedbør

Midt-Noreg og Vestlandet får mykje av det same vêret som Nord-Noreg. Det er dei midtre delane av Vestlandet som får mest nedbør.

Ifølgje farevarselet kan det somme stader komme mellom 50 og 80 millimeter nedbør på 24 timar enkelte stader, og lokalt kan det komme 30 til 50 millimeter nedbør på berre seks timar.

«Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, og følg vêrradaren. Hald deg unna bratte skråningar, og bekkar og elveløp med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummer og andre vassvegar fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppsamla vatn kan forårsake skred», lyder varselet.

Det blir òg venta låge temperaturar, og sjølv i låglandet i området kan det bli ned mot 6 til 8 grader. Lågtrykket som kjem inn mot Nordland, vil òg gi nedbør og vind for Midt-Noreg og Vestlandet.

– Søndag er vind og regn stikkorda, seier meteorologen.

Betre Østafjells

I slutten av denne veka er det dei som bur Østafjells, som er vêrvinnarane.

– Dei er jo litt heldigare når lågtrykka kjem inn frå vest, for dei ligg i le, seier meteorologen.

Dette omfattar òg det meste av Agder, men der kan det komme nokon byer.

Temperaturen Østafjells vil liggje frå 14 til 18 grader torsdag, og fredag blir det opp mot 16 grader – og det blir stort sett opphaldsvêr og periodar med sol.

– Laurdagen blir lik. Men så kan det hendet at det blir noko meir regn når det kraftige lågtrykket kjem inn laurdag kveld. Det ser ut til å bli opphald på slutten av søndag, seier meteorolog Pernille Borander.

(©NPK)