Fylkesmannen påpeikar seks lovbrot ved Drangedal-skule

Fylkesmannen i Telemark og Vestfold har i ein tilsynsrapport avdekt fleire lovbrot ved Drangedal 10-årige skule, melder NRK.
innenriks

Målet med tilsynet har vore å kontrollere om kommunen oppfyller krava i regelverket med tanke på elevane sin rett til eit trygt og godt skulemiljø, det førebyggjande arbeidet til skulen og aktivitetsplikt.

Den siste tida har nær 70 tidlegare elevar ved skulen kontakta advokaten Vibeke Hein Bæra. Dei tidlegare elevane seier dei har vorte mobba ved skulane i Drangedal. Dei påståtte mobbesakene strekker seg tilbake til 1970-talet.

Ifølgje kanalen har fylkesmannen i den førebelse tilsynsrapporten sin funne seks lovbrot ved Drangedal 10-årige skule dei to siste skuleåra. Eitt av lovbrota er mellom anna at skulen ikkje har sett inn eigna tiltak dersom ein elev sin rett til trygt og godt skulemiljø ikkje er oppfylt.

Rådmann Jørn Christian Schjødt Knudsen skriv i ein sms til NRK at kommunen ikkje vil kommentere innhaldet i rapporten før dei har sendt eit skriftleg svar til fylkesmannen.

Undersøkingar har vist at mobbing har vore eit problem på Drangedal 10-årige skule dei seinare åra. Ifølgje tal frå Elevundersøkinga svarte 25,6 prosent av elevane i 10. klasse i skuleåret 2017/2018 at dei har vorte mobba 2 til 3 gonger i månaden eller oftare. Året etter hadde talet sokke til 14 prosent av elevane. Det nasjonale mobbegjennomsnittet er på 6,1 prosent.

Drangedal kommune har frist til 3. oktober med å kommentere innhaldet i rapporten til Fylkesmannen.

(©NPK)