Friele inn i bystyret i Bergen

Bergens tidlegare ordførar og kaffikonge Herman Friele og kona hans Renate Hjortland er sikra fast plass for Høgre i bystyret i Bergen.
innenriks

76 år gamle Friele, som var ordførar i Bergen frå 2003 til 2007, fekk 1.024 personstemmer og klatra dermed frå sisteplass på Høgres liste til 11.-plass, melder NRK.

Han får følgje av kona Renate Hjortland (H), som med 524 personstemmer òg er sikra plass i bystyret, ifølgje Bergensavisen.

(©NPK)