Første SV-ordførar i Møre og Romsdal

Yvonne Wold blir både den første kvinnelege ordføraren i Rauma og den første SV-ordføraren nokosinne i Møre og Romsdal.
innenriks

Ifølgje NRK har SV tidlegare hatt tre varaordførarar i fylket, men aldri ein ordførar.

– Det er ein stor draum som har gått i oppfylling. Vi treng fleire damer på topp i politikken, fleire kvinnelege ordførarar og unge jenter treng kvinnelege forbilde i politikken. For ein feminist som meg, så er dette stor stas, seier Wold.

SV fekk 23,2 prosents oppslutning i Rauma i lokalvalet på måndag.

(©NPK)