Avklaring i Bergen kan dryge i veker

Det kan dryge i både dagar og veker før det blir klart kven som skal styre i Bergen dei neste fire åra. Strid om bybanen skaper kaos.
innenriks

Bergensarane må smørje seg med tolmod i alle fall til torsdag kveld eller fredag morgon, får NTB opplyst av kjelder tett på dei uformelle samtalane som starta tysdag.

Høgre vart største parti i hovudstaden til vestlendingane, men sitjande byrådsleiar Roger Valhammer frå Arbeidarpartiet håper å kunne halde fram med støtte frå MDG, SV, KrF, Venstre og enten Raudt eller Senterpartiet.

Onsdag var det pause i samtalane fordi byrådet sat i budsjettkonferanse.

Sp er jokeren

I verste fall kan det gå mykje lengre tid før eit nytt byråd er på plass.

Sp er den store jokeren og har signalisert at dei kan tenkjast å slutte seg til høgresida dersom samtalane med raudgrøn blokk ikkje fører fram. Men partiets førstekandidat Ove Sverre Bjørdal seier til NTB at dei ikkje har det travelt med å bestemme seg.

– Vi har god tid. Byrådsforhandlingane kan ta fleire veker. Men førebels er det god stemning i samtalane, seier han.

Bybane skaper strid

Den store nøtta i samtalane er striden om kvar den nye bybanetraseen skal gå. Sp er krystallklare på at dei vil ha omkamp om vedtaket om å legge banen over Bryggen, noko ingen av dei andre partia i ein eventuell raudgrøn koalisjon ønsker.

– Den saka som er vanskelegast å svelgje for oss, er bybanen, slår Bjørdal fast.

– Dette vil vere ei sak som står sentralt i forhandlingane og eit viktig moment for om vi går inn i eit byrådssamarbeid på raudgrøn side, seier han.

Det nye bystyret skal ikkje konstituerast før i slutten av oktober.

Uklare alternativ

Men kva som vil skje om Sp byter side, er høgst uklart:

Dei raudgrøne kan likevel få fleirtal med Raudt, som ikkje vil vere ein del av byrådet, som støtteparti. Men det kan skape problem sidan KrF ikkje vil samarbeide med Raudt.

Ifølgje Bergens Tidende klamrar Høgre seg framleis til håpet om byrådsmakt gjennom å danne ein koalisjon med Venstre, KrF, FNB, Frp og Pensjonistpartiet (PP). Men dette alternativet er nesten umogleg, mellom anna på grunn av krangelen om bybanen.

Både Høgre, Frp og FNB har gått til val på omkamp om traseen over Bryggen, noko KrF og Venstre altså er stegla imot. Dei to partia har òg tidlegare avvist eit samarbeid med FNB.

Friele-ektepar inn

Høgre fekk 14 sete i bystyret. Onsdag vart det klart at personstemmer sørgjer for at Bergens tidlegare ordførar og kaffikonge Herman Friele og kona Renate Hjortland er blant dei.

Ap får 13 sete, medan FNB får 11, MDG 7, SV 6, Sp 4, Raudt 3, Frp 3, Venstre 3, KrF 2 og PP 1 sete.

(©NPK)