Erna Solberg avbryt Island-tur for å løyse bompengekrisen i regjeringa

Statsminister Erna Solberg (H) avbryt Island-turen sin før tida i eit forsøk på å løyse den fastlåste bompengestriden i regjeringa, ifølgje TV 2.
innenriks

Etter det TV 2 erfarer ønsker statsministeren ei snarleg løysing på konflikten. Ho reiser derfor heim frå Reykjavik ein dag tidlegare enn planlagt. Der har ho deltatt på eit møte mellom dei nordiske statsministrane. Solberg rakk akkurat å underteikne ei felles erklæring om klima og utvikling før ho avbraut besøket.

Den regjeringsinterne prosessen rundt Framstegspartiets krav til lette i bompengebelastninga på bilistane er fastlåst etter at Frp gjekk ut og røpte at det fanst ei skisse til avtale. Venstre avviser skissa og vil forhandle, men Frp har diametralt motsett standpunkt: Landsmøtet har stilt seg bak skissa og vil ikkje gå inn i ytterlegare forhandlingar.

Heller ikkje Kristeleg Folkeparti ser på skissa som eit sluttforhandla forslag til avtale.

– Eg ser meg ferdig med saka. Vi hadde ei skisse til løysing som var så langt som vi kom. At KrF og Venstre meiner at dei ikkje har ferdigforhandla dette, må dei sjølv svare på, seier Jensen til Fædrelandsvennen tysdag ettermiddag.