Den norske filmen «Blindsone» nominert til Nordisk råds filmpris

Filmen «Blindsone» med Pia Tjelta i hovudrolla er årets norske kandidat til Nordisk råds filmpris.
innenriks

Filmen er den svenske skodespelaren Tuva Novotnys debutfilm som regissør. Den konkurrerer med filmar frå resten av dei nordiske landa om prisen.

Novotny har òg skrive manus til filmen, som er filma i éi lang takning på 98 minutt. «Blindsone» handlar om korleis ei mor (Tjelta) og far (Anders Baasmo Christiansen) prøver å forstå krisa til dottera(Nora Mathea Øien).

– Det er ei ære å vere nominert blant så fantastiske skandinaviske kollegaer og med debutfilmen min, som har vore eit hjarteprosjekt, seier Novotny.

Pia Tjelta vart sist laurdag heidra med Amanda-pris som beste kvinnelege skodespelar for rolla i «Blindsone».

Den norske juryen har bestått av Inger Merete Hobbelstad, Kalle Løchen og Britt Sørensen. Dei roser både rolleprestasjonar, foto og lyddesign i grunngivinga si.

– Filmen utnyttar filmatiske verkemiddel til beste for forteljinga, heiter det mellom anna.

Medan Noregs kandidat har svensk regissør, er Sveriges bidrag delvis norsk. I Carl Javérs film «Rekonstruksjon Utøya» medverkar fire overlevande frå terrorangrepet på Utøya. I eit filmstudio rekonstruerer dei minna sine frå 22. juli 2011.

Frå Danmark er filmen «Dronningen» av regissør May el-Toukhy nominert. «Hvítur, hvítur dagur» («En hvit, hvit dag») av Hlynur Pálmason er nominert frå Island, medan filmen «Aurora» av Miia Tervo er Finlands bidrag.

Prisen blir offentleggjord tysdag 29. oktober.

(©NPK)