Elvestuen utset omstridt riving av seterbygningar på Dovrefjell

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) har vedtatt å utsetje rivinga av seterbygningane i Vesllie på Hjerkinn etter massive protestar.
innenriks

– Det er mykje engasjement og uro i denne saka. Vi har derfor valt å utsetje rivinga. Ho vil ikkje bli gjennomført i haust, seier statsråd Ola Elvestuen i ei pressemelding. Måndag demonstrerte rundt 100 personar ved seterbygningane mot den planlagde rivinga, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Ifølgje dei opphavlege planane skulle rivinga ha starta tysdag. Aksjonistar har varsla at dei om nødvendig vil lenkje seg fast til bommen på Hjerkinn som stenger vegen inn i verneområdet på Dovrefjell for motorisert ferdsel, skriv Nationen.

Vil verne villrein

Avgjerda endrar ikkje tidlegare vedtak om utviding av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Formålet med utvidinga av nasjonalparken er å legge forholda til rette for villrein, understrekar Elvestuen.

– Forsvarsbygg har gjennomført Europas største restaureringsarbeid for natur. Vesllie må sjåast i samanheng med kva som er nødvendig for å ta vare på villrein. Bygningane er i seg sjølv ikkje vurdert til å ha stor verneverdi, seier Elvestuen.

Villreinen er i dag sterkt pressa av ferdsel og bruk i Snøhetta- og Hjerkinn-området. Noreg er det einaste landet i Europa som har intakte høgfjellsøkosystem med bestandar av villrein, heiter det i ei tidlegare pressemelding frå departementet.

– Det heile er ein stor vits. Styresmaktene hevdar at seteranlegget må rivast for verne villreinen. Har du høyrt på maken. Villreinen og setrane har levd saman sidan 1800-talet, og ekspertar på villrein seier setrane ikkje er til hinder for reina, uttalte stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Dovre kommune, Bengt Fasteraune (Sp), i ein appell under demonstrasjonen måndag, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

12.000 har signert

Folk frå Nord-Gudbrandsdal har ført ein lang kamp for å prøve å stoppe planane for å rive seteranlegget på Dovrefjell.

I ein digital underskriftsaksjon har over 12.000 signert på eit opprop som er sendt til statsråd Elvestuen og statsminister Erna Solberg (H).

Departementet ønsker òg å fjerne betongbruer og tappe ned eit vatn for å verne villreinen. Dette protesterer òg lokalbefolkninga mot.

Arbeidarpartiets partisekretær Kjersti Stenseng, som er frå Oppland, kallar Elvestuens utsetjing «eit skritt i riktig retning».

– Lokalbefolkninga har i denne saka vorte fullstendig overkøyrde av ei arrogant regjering og minister. Arbeidarpartiet forventar at dette ikkje berre er eit valkamputspel, men at regjeringa no for godt stoppar demonteringa av dei felles kulturminna våre og stoppar rivinga av setrane på Dovrefjell, seier Stenseng.

(©NPK)