Utanlandske pengespelselskap tapte søksmål mot Noreg

Betalingsselskapet Entercash og spelorganisasjonen European Gaming & Betting Association tapte saka mot Noreg om pengespelbetaling.
innenriks

Selskapet Entercash og spelorganisasjonen European Gaming & Betting Association gjekk til sak mot staten og Kulturdepartementet i juni. Saka gjekk i Oslo tingrett og gjaldt det såkalla betalingsforbodet til utanlandske spelselskap.

Ifølgje dommen har Kulturdepartementet rett til å gjere eit vedtak om at betalingane til Entercash skal stoppast.

Kulturdepartementet stramma inn forbodet tidlegare i vår. Dermed var det ikkje mogleg for selskap som Entercash å operere som mellommann og formidle til dømes utbetaling av gevinstar til pengespelarar i Noreg.