Regjeringa skjerpar norskkrav og mjukar opp introduksjonsprogrammet

Flyktningar med høg utdanning kan klare seg med tre månaders introduksjonskurs, medan dei minst utdanna skal få fire års opplæring i norsk språk og samfunn.
innenriks

Det er nokre av tiltaka i forslaget til ei ny integreringslov som regjeringa la fram fredag. Målet er at nykomne flyktningar og innvandrarar på familiegjenforeining skal få langt betre tilpassa opplegg enn dei får med dagens standardiserte, toårige introduksjonsprogram.

– Det kan vere menneske med legeutdanning, analfabetar eller svært lite utdanning som blir sitjande i same klasserom. Slik skal det ikkje vere, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Tilpassa

Eit meir tilpassa opplegg skal både ta omsyn til kva slags utdanning og erfaring den enkelte har, men også måla dei set seg, ifølgje statsråden.

– Dette er integrering 2.0, kanskje eitt av dei viktigaste tiltaka vi har for å kjempe mot fattigdom, seier likestillingsminister og Venstre-leiar Trine Skei Grande begeistra.

Regjeringa skjelar mellom anna til Oslo, der eit prosjekt har gitt flyktningar og innvandrarar sjansen til å byrje på vidaregåande skule før dei er ferdig med to års introduksjonsprogram. I staden får dei ekstra norskopplæring medan dei går på skulen. Opplegget er finansiert av både kommunen og Nav.

Ny kontrakt

Dei foreslåtte lovendringane betyr skjerpte norskkunnskapar for å få statsborgarskap og ein ny kontrakt med krav til både kommunen og deltakarane på introduksjonsprogrammet.

Kva som skal skje med innvandraren – eller kommunen – dersom kontrakten blir broten, er uklart. Sanner påpeikar at ein deltakar som ikkje møter, kan miste støtta og plassen på programmet.

Frps innvandringspolitiske talsmann Jon Helgheim viser til regjeringsforslaget om at innvandrarar som ikkje får jobb på grunn av dårlege norskkunnskapar, kan miste rett til sosialhjelp.

– Vi er veldig gode på å gi tenester, men vi har ikkje vore fullt så gode på stille nokon rimelege krav tilbake. Her stiller ein krav til kvar enkelt deltakar i introduksjonsprogrammet, og både kommunen og deltakarane har plikt til å følgje opp. Det vil nok gi den enkelte motivasjonen kvar dag til å strekke seg litt lenger, meiner han.

Krav til kommunane

Regjeringa vil krevje at kommunen sikrar at deltakarane lærer seg norsk på eit visst nivå, ikkje berre tilbyr ei viss mengde norsktimar. Deltakarane skal òg få kartlagt kompetansen sin og få karriererettleiing.

Likevel meiner Sanner det ikkje er behov for å gi kommunane meir pengar.

– Vi bruker i år 13,7 milliardar kroner på integreringspolitikken. Det betyr at det er godt rom innanfor dei midlane vi allereie løyver, meiner han.

Berre gode ønsker?

Både Arbeidarpartiet og SV er positive til at den enkelte skal følgjast opp tettare og at opplegget blir meir arbeidsretta.

– Men det er ei utfordring å sjå om det er mest gode ønske eller om dei faktisk får på plass dei verktøya og ressursane som trengst for å levere. Og gode ønsker føre ikkje til at fleire foreldre kvalifiserer seg raskt for jobb slik at færre barn veks opp i fattigdom, seier integreringspolitisk talsperson Siri Gåsemyr Staalesen i Ap.

Karin Andersen i SV er bekymra for om kommunane får nok pengar til å følgje opp.

– Kvalitet kostar, og skal kommunane differensiere meir mellom deltakarar og kunne følgje opp slik at dei får fullført utdanning, kostar det meir enn i dag. Her kan ikkje regjeringa gjere som dei vanlegvis gjer, nemleg å skyve ansvar og kostnader over på kommunen, seier ho.

(©NPK)