Produsentprisane på norske matvarer aukar mest i Norden

Sidan 2005 har produsentprisen på norske matvareprisar auka med 57 prosent. Ein mykje større auke enn i nabolanda våre i Norden.
innenriks

I same periode har produsentprisane i Sverige, Danmark og Finland stige med høvesvis 37, 27 og 26 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Tala samanliknar produsentprisane på matvarer mellom åra 2005 og 2018. Produsentprisindeksen (PPI) blir sett på som ein peikepinn på korleis det vil gå med konsumprisindeksen. Prisane er òg heimemarknadsprisar, altså prisar på varer produserte og selde i same land.

Produsentprisane på norske matvarer har antakeleg vore mindre påverka av opp- og nedgangstider internasjonalt som følgje av at Noreg ikkje er med i EU, skriv SSB.

Fisk og kornvarer steig mest

Importvernet på norske kjøtt- og meieriprodukt var truleg ei medverkande årsak til den stabilt sterke veksten. I den 13 år lange perioden var det prisane på fisk og kornvarer som steig mest i Noreg. I perioden 2005 til 2016 steig produsentprisen på norske matvarer i snitt med 4,4 prosent i året. I åra 2017 og 2018 bremsa prisauken noko – med høvesvis 0,7 og 1,7 prosent.

– Noreg har stått utanfor EU og har hatt andre marknadsforhold for matvarer enn nabolanda våre. Det har vore ei høg grad av skjerming av kjøttvarer og meieriprodukt i Noreg. Desse varetypane har hatt unntak frå «fri flyt-prinsippet» i EØS-avtalen, opplyser SSB.

– Noreg har dessutan vore i ein gunstigare økonomisk situasjon enn nabolanda på grunn av oljeinntektene, heiter det vidare.

– Butikkane tar stor del av kostnaden

I same periode auka prisveksten til sluttbrukar, altså konsumprisen, med 29 prosent.

− Prisveksten for mat og drikke var frå 2005 til 2018 gjennomsnittleg på 2 prosent årleg. Det er lågare enn den generelle prisveksten på varer og tenester. Matvareprisane har altså vore med på å redusere den samla prisveksten i Noreg, seier direktør Ingvill Størksen for Virke daglegvare til NTB.


Prisane mot forbrukarane har auka mykje mindre enn prisane mot butikkane, understrekar ho.


− Det betyr at detaljistleddet sjølv har tatt ein stor del av kostnaden, og ikkje flytta den over på forbrukaren. Dette kjem mellom anna av den sterke konkurransen i daglegvaremarknaden, seier Størksen.

(©NPK)