Over 10.000 studentar ventar framleis på studentbustad

10.352 studentar står no i kø for å få studentbustad. Det er 7.139 færre enn i byrjinga av månaden, viser tal frå Studentsamskipnadsrådet.
innenriks

I desse dagar er det studiestart for mange av studentane i landet. Men framleis ventar tusenvis på å få studentbustad.

Flest, 3.528 studentar, står i kø ved studentsamskipnaden i Oslo og Akershus, deretter følgjer Gjøvik, Ålesund og Trondheim med 2.320 studentar og Universitetet i Tromsø med 1.528, viser tal frå 15. august.

I år vart det for første gong òg publisert kø-tal 1. august. Då venta totalt 17.491 studentar på bustad. Også då venta flest i Oslo og Akershus (6.624), Gjøvik, Ålesund og Trondheim (3.004) og i Tromsø (2.182).

13. august 2018 stod 10.612 studentar i kø for bustad. Ifølgje Kunnskapsdepartementet er det likevel vanskeleg å samanlikne desse tala, mellom anna fordi tidspunktet for rapportering er ulikt.

Få opp farten

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) ber no kommunane og studentsamskipnadane om få opp farten slik at fleire får tilbod om studentbustad.

Studentsamskipnadane må stå for bygginga, men det manglar søknader frå desse, seier Nybø. I tillegg bruker mange kommunar for lang tid på å godkjenne nye studentbustader.

– I Oslo ventar til dømes eit studentbustadprosjekt med 460 studentbustader framleis på godkjenning frå kommunen, to år og åtte månader etter at søknaden vart send, seier Nybø.

Satsinga må halde fram

Regjeringa ønsker at det skal byggast fleire studentbustader og det har dei siste åra vorte lyst ut tilsegn til over 2.200 nye studentbustader kvart einaste år, opplyser Nybø.

Norsk Studentorganisasjon (NSO) håper satsinga på studentbustader held fram etter valet i haust – både frå regjeringa og i kommunane.

Leiar Marte Øien ber om at partia som vinn valet i dei ulike kommunane, stiller rimelege tomter til disposisjon for studentsamskipnadane.

Ho påpeikar at kommunane òg bør ha ein strategi for bygging av studentbustader, slik at det faktisk er mogleg å bygge.

Fleire ledige før sommaren

Samtidig viser tal frå Studentsamskipnadene at det før sommaren stod over 2.000 bustader ledige, før semesteret var slutt. Tala gir derfor ikkje nødvendigvis eit korrekt bilde av behovet gjennom heile året.

Søkarar kan til dømes stå i kø og samtidig leite etter hybel i den private leigemarknaden. I tillegg vil nokre av dei som har søkt studenthybel, enten ikkje komme inn på ønskt studie eller av andre grunnar ikkje ønske å studere. Nokre har òg søkt om studenthybel hos fleire studentsamskipnadar, før dei var klar over kvar dei fekk studieplass.

Det er i overkant av 41.000 studenthyblar i Noreg.

(©NPK)