Ordføraren: – Beste Arendalsveke nokosinne

Årets store politiske festival er over, og Arendalsveka går i gang med å finne den nye leiaren som skal overta etter Øystein Djupedal.
innenriks

Trass i dei store menneskemengdene som nesten har gjort det umogleg å komme seg fram til tider, har ordførar i Arendal, Robert Cornels Nordli (Ap), ingen planar om å avgrense eller gjere veka mindre i framtida. Han anslår at det har vore fleire besøkande og deltakarar enn under tidlegare Arendalsveker.

– Dette er det beste arrangementet vi har hatt nokosinne, seier Nordli. Han er òg leiar av rådet for Arendalsveka. Dei endelege besøkstala er så langt ikkje kjente.

Arendalsveka starta med den TV-overførte partileiardebatten måndag. Gjennom veka har det vore over 1.200 arrangement og debattar, og fredag blir telta pakka ned for denne gongen.

Styret byrjar no arbeidet med å finne ein ny festivalleiar som skal overta etter Øystein Djupedal, som går av ved nyttår.



(©NPK)