Bovim gir seg etter seks år i jobben. Han skal i tida framover arbeid med undervisnings- og forskingspolitiske oppgåver ved universitetet.
Bakgrunnen for at han trekker seg er forholdet til kollega Merete Kvidal. Ho sat tidlegare i leiargruppa til rektor, men tredde mellombels ut av stillinga i juli, skriv Universitetsavisa.
Dei to skal sjølv i forkant ha bedt styreleiar om å innhente ekstern juridisk vurdering av korleis habilitet og viktige prosessar rundt intuisjonen skal takast vare på om det skal leggjast til grunn at dei er eit par.
– Forholdet vårt har utløyst nokre utfordrande dilemma for NTNU. Samla sett meiner eg derfor tidspunktet er riktig for å gi stafettpinnen vidare, seier avtroppande rektor Gunnar Bovim ved NTNU i ei pressemelding.
Prorektor for utdanning, Anne Borg, er konstituert som rektor inntil nytt åremål blir lyst ut.
(©NPK)