Fleire jervekull

Det er hittil i år registrert 62 jervekull i Noreg. Det er fire kull fleire enn i fjor.
innenriks

Det er Statens naturoppsyn (SNO) som melder inn tala til Rovdata.

– Viss resultatet held seg, er det ein oppgang på fire kull, frå 58 registrerte kull i fjor. Det vil òg vere over det nasjonale bestandsmålet på 39 årlege jervekull i Noreg, som Stortinget har bestemt, seier leiar Jonas Kindberg i Rovdata.

Kindberg presiserer at dei 62 kulla er eit førebels tal. Rovdata vil kontrollere at alle innmelde kull oppfyller instruksane for registrering av jerv. Eit endeleg resultat vil vere klart 1. oktober.

Jerven føder kvalpar i februar og byrjinga av mars. Etter vedtak frå Miljødirektoratet er det gjennomført hiuttak av ni av dei 62 jervekulla.

Jervebestanden vart i 2018 berekna til å bestå av 309 vaksne individ.

(©NPK)