Kvinnegruppa Ottar skulle halde eit debattmøte om valdtekt under Arendalsveka torsdag.
– Medlemmer frå Ottar tilkalla politiet, som viste bort ein mann og ei kvinne frå SIAN, seier operasjonsleiar Audun Eide i Agder politidistrikt.
SIAN-medlemmene ville filme arrangementet, og ifølgje Eide oppstod det ein verbal konfrontasjon.
– Dei to vart viste bort på grunn av ordensforstyrring og frykt for at det skulle skje meir og at arrangementet dermed ikkje kunne bli gjennomført, seier Eide.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 14.22.
Dei to gruppene har vore i tottane på kvarandre under tidlegare utgåver av Arendalsveka, ifølgje Agderposten.
(©NPK)