Storbeslag av kokain i Ålesund

Fredag 21. juni la eit konteinarskip til kai i hamna i Ålesund. I ein av konteinarane om bord fann tollarar og narkotikahundar 23,5 kilo kokain.
innenriks

Det kjem fram av ei pressemelding frå Tollvesenet onsdag formiddag.

Narkotikahunden viste interesse for ein frysekonteinar, som ifølgje fraktpapira skulle vere tom. Då tollarane kikka inn i konteinaren, fann dei 21 pakkar med kokain.

Kokainen skal ha komme frå Ecuador.

– Ålesund har ei stor konteinarhamn. Over tid har vi kontrollert konteinarar utan funn, og derfor er det motiverande å gjere denne typen beslag. Dette er eit stort tollbeslag av narkotika i Ålesund-området, seier seksjonssjef Helen Sjåholm hos Tollvesenet i Ålesund.

I første halvår 2019 vart det beslaglagt 81 kilo kokain her til lands. Ålesund-beslaget er åleine større enn det totale beslaget frå første halvår i fjor.

– Tolletaten har eit høgt fokus på denne transportforma. Trafikken på sjøen aukar år for år, og då aukar samtidig òg risikoen for smugling og andre lovbrot. Samtidig veit vi at nokon av dei største narkotikabeslaga er gjort på handelsfartøy, seier seksjonssjefen.

Det største kokainbeslaget i Noreg skjedde i november 2005 då tollarar i Mosjøen fann 153 kilo kokain om bord i eit amerikansk lasteskip. I 2013 vart det beslaglagt 145 kilo kokain, som vart funne i banankasser på Økern i Oslo.

(©NPK)