Siv Jensen vil ikkje slutte å bruke ord som snikislamisering

Frp-leiar Siv Jensen meiner alle har eit ansvar for å slå ned på muslimhets. Men ho føler ikkje sjølv ho har gått for langt i omtalen sin av muslimar.
innenriks

– Vi må ikkje spore heilt av i desse diskusjonane, sjølv om vi opplever hendingar vi gjerne skulle vore forutan, seier Siv Jensen til NTB.

I kjølvatnet av moskéangrepet i Bærum har det blussa opp ein ny debatt om korleis muslimar blir omtalt. Under partileiardebatten på måndag sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre at vi alle saman må «gå i oss sjølv».

– Vi må sjå oss i spegelen, og vi må ta ein kraftig dugnad om kva vi seier. Vi i politikken må tenkje på at når vi snakkar, så skal vi som politikarar bygge bruer, ikkje grave grøftar, sa han.

Ville brukt ordet igjen

Frp-leiar Siv Jensen har tidlegare fått kritikk for måten ho har omtalt muslimar på, mellom anna då ho brukte ordet snikislamisering for første gong i ein tale til Frps landsstyre i 2009.

Sjølv føler ikkje Jensen at ho har gått for langt.

– Du har brukt ord som snikislamisering. Er det eit ord du ville brukt igjen?

– Ja. Og det har ikkje noko med å generalisere i forhold til muslimar. Dette var ein veldig klar og tydeleg diskusjon den gongen knytt til radikal islam. Det representerer framleis ei utfordring. Ikkje berre her, men i store delar av verda, seier Frp-leiaren.

– Reflekterer kvar einaste dag

Ho meiner at førebygging av muslimhets og høgreekstremisme i stor grad handlar om ytringsfridom og dialog, og at vi må tore å snakke om «det aller, aller meste».

– Desse tinga blir ikkje borte ved at vi ikkje snakkar om det, seier ho.

Samtidig er Jensen tydeleg på at ein må slå ned på overtramp.

– Det har vi alle eit ansvar for. Særleg gjennom våre eigne profilar på sosiale medium.

– Støre ber politikarar gå i seg sjølv. Har du reflektert noko over korleis du ytrar deg i etterkant av det som skjedde i helga?

– Eg reflekterer over det kvar einaste dag. Eg veg alltid orda mine når eg held foredrag og deltar i debattar. Men dette er ikkje ein ny påstand frå Jonas Gahr Støre. Dette brukte han heile valkampen på i 2017 òg. På å snakke om ord i staden for politikk.

Vil behalde HRS-støtta

Dei siste dagane har fleire kravd at regjeringa må kutte støtta til den omstridde organisasjonen Human Rights Service (HRS), som mellom anna fremmar innvandring- og islamkritikk.

– Skjønner du dei som meiner støtta er problematisk?

– Nei. Igjen handlar det om ytringsfridom. Vi løyver pengar til mange organisasjonar som har ulike ståstader. Det er ein del av ytringsfridommen og demokratiet vårt, svarer ho.

– Skjønner dei som synest bodskapen som HRS spreier er problematisk?

– Det er no eingong sånn at nokre er samde med dei, og andre er samde med andre organisasjonar. Så enten må vi ha støtte til fleire organisasjonar, eller så må vi kutte støtta til alle organisasjonar. Det er ein del av det å leve i eit demokrati. Vi må av og til tole ytringar vi ikkje likar – og dei kjem frå alle kantar, seier Jensen til NTB.

(©NPK)