Russisk megaøvelse på Noregs dørstokk

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) misliker at Russland onsdag dundrar på med den største militærøvinga si på mange år rett utanfor kysten av Nord-Noreg.
innenriks

– Russland har ei rekke gonger varsla at dei vil bruke området i internasjonalt farvatn til øving. Det er ganske vanleg. Det som er spesielt no, er at det er lenger sør og vest enn vanleg. Det er nærare kysten vår. Det er det vi misliker, seier han til NTB.

– Det er unødvendig av Russland å strekke seg så nært kystlinja vår og så langt sør. Dei har store område lenger nord dei kunne brukt til denne øvinga, seier forsvarsministeren.

Russland varsla 6. august at landa onsdag, torsdag og fredag denne veka vil etablere fire store fareområde i internasjonalt farvatn utanfor kysten av Nordland og Troms, noko som truleg betyr omfattande skarp øvingsaktivitet.

Eitt av områda er rett vest for Mo i Rana og dei tre andre nord og nordvest for Andøya.

Skarp reaksjon

Allereie då øvinga vart varsla, reagerte Bakke-Jensen skarpt.

– Noreg vektlegg føreseielegheit og tilbakehalden planlegging og gjennomføring av nasjonal og alliert militær øving og trening. Vi kan ikkje sjå at Russland tar dei same omsyna, sa han i ei pressemelding.

Overfor NTB tysdag understrekar statsråden at Russland har full rett til å øve i internasjonalt farvatn, men legg til:

– Det vi gjer når det gjeld slike øvingar, er at vi varslar, samtidig som vi tar omsyn til at vi har ein stor nabo i aust, slik at vi ikkje øver slik at det skal provosere.

– Kva for konsekvensar får det for Noreg at dei øver lenger sør og vest?

– Det vil ikkje få nokon konsekvensar anna enn at vi bør gi uttrykk for at vi ikkje likar det. Så får vi bruke dei kanalane vi har til Russland for å kommunisere det, seier Bakke-Jensen.

Noreg har likevel ikkje protestert på politisk nivå overfor Russland, sidan øvinga føregår i internasjonalt farvatn.

Store ressursar

Noreg har ikkje vorte brifa av Russland om øvinga, som skjer fire veker før kommunevalet i Noreg. Statsråden viser til at den norske langtidsplanen for Forsvaret svarer på utfordringane om eit meir sjølvhevdande Russland.

Annekteringa av den ukrainske Krimhalvøya i 2014 har ført Russland på kollisjonskurs med Noreg og Vesten. Samtidig har Noreg halde oppe politisk dialog med Russland, og i vår møtte statsminister Erna Solberg (H) Russlands president Vladimir Putin i St. Petersburg.

Bakke-Jensen åtvarar samtidig mot å overtolke øvinga, som Noreg kjem til å bruke store ressursar på å følgje med fly og båtar og via satellitt, sidan det ifølgje forsvarsministeren er snakk om ei «veldig stor øving».

– Har ein sett så store øvingar før?

– Det er i så fall veldig lenge sidan, viss denne øvinga blir så stor som dei har varsla.

– Provoserande

Professor i statsvitskap Janne Haaland Matlary ved Universitetet i Oslo seier øvinga er provoserande for norske styresmakter.

– Dette er ikkje uvanleg, russisk utanrikspolitisk åtferd. Men det er heilt unødvendig, og det er ein riktig reaksjon frå forsvarsministeren å seie at vi mislikar dette. Ein gjer ikkje sånt mellom gode naboar, seier ho til NTB.

Øvinga utanfor Noregs kyst er berre eitt av fleire døme på auka russisk sjølvhevding i nord.

The Barents Observer melde nyleg at den russiske nordflåten har oppgradert missilsystemet sitt ved den norsk-russiske grensa. Samtidig var Forsvarets kampfly på vengene tre gonger for å identifisere totalt ni russiske militære fly som flaug langs norskekysten sist torsdag, ifølgje nettstaden Aldrimer.no.

(©NPK)