Rapport: Store konsekvensar dersom spelmonopolet blir avvikla

Norsk idrett og frivillige organisasjonar kan tape 1,3 milliardar kroner i året viss spelmonopolet blir avvikla, ifølgje ein fersk rapport
innenriks

Rapporten er utarbeidd av Oslo Economics på oppdrag frå ExtraStiftelsen og Norges idrettsforbund, skriv VG.

Dagens spelmonopol inneber at pengespel blir organisert av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. Modellen blir likevel jamleg utfordra av aktørar som vil innføre fleire tilbydarar av pengespel her til lands gjennom ein såkalla lisensmodell.

Den ferske rapporten peikar på ulike konsekvensar dersom spelemonopolet blir avvikla til fordel for ein lisensmodell.

– Vi konkluderer med at einerettsmodellen fungerer godt, og at ein lisensmodell vil medføre betydeleg risiko for auka omfang av problemspilling og reduserte bidrag til det frivillige og ideelle arbeidet til verksemder, seier seniorpartnar Asbjørn Englund i Oslo Economics i ei pressemelding.

– Fleire kan bli avhengig av spel

Blant funna i rapporten er at det frivillige risikerer å tape 1,3 milliardar kroner i året. Dersom ein lisensmodell medfører meir pengespel i Noreg, eller ein vriding i retning av kasinospel, vil fleire nordmenn bli avhengig av spel, ifølgje rapporten.

Idrettspresident Berit Kjøll kommenterte rapporten under Arendalsveka onsdag formiddag.

– Å velje ein lisensmodell betyr i praksis å velje bort ein modell som fungerer, i byte mot ein modell med høgst usikkert utfall for mottakarane av overskotet og for risikospelarane. Den gamblinga har verken overskotsmottakarane eller samfunnet råd til, sa idrettspresidenten, ifølgje VG.

Forbod mot utanlandsk spelreklame

Kulturdepartementet har sendt inn forslag om å endre kringkastingslova. Forslaget inneber eit forbod mot all reklame for utanlandske pengespelselskap på norske TV-skjermar.

I ein annan fersk rapport offentleggjort onsdag, anslår Oslo Economics at Discovery Networks Norway (DNN) og NENT Group vil tape reklameinntekter på rundt 250 og 500 millionar kroner dersom lovforslaget blir vedtatt.

DNN og NENT er dei tredje og fjerde største kringkastarane i landet. Førstnemnde er moderselskapet til kanalar som Eurosport, TV Noreg og Max, medan NENT står bak TV 3, Viaplay og Viasat 4.

– Det har vore mykje merksemd rundt forslaget og det er viktig for oss å belyse moglege konsekvensar. Samtidig er det viktig å påpeike at dette er eit verdival. Omsynet til dei som slit med pengespelproblem, må vege tyngst, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) i ei pressemelding.

– Hastverksarbeid

Rapporten fell ikkje i god jord hos DNN og NENT.

– Vi er svært skeptiske til prosessen frå Kulturdepartementet, der ein presenterer eit forslag om forbod mot formidling av spelreklame utan at dette var sett på konsekvensane. At ein midt under høyringsrunden plutseleg set i gang eit hastverksarbeid for å sjå på konsekvensane vitnar om ein kaotisk prosess, seier kommunikasjonsdirektør Line Vee Hanum i NENT til NTB.

Hanum får medhald av DNN, som også refser rapporten.

– Hastverksarbeid blir sjeldan bra. Det ber denne rapporten preg av. Og rapporten stadfestar dessverre det vi frykta i dialogen med Oslo Economics – det har vore liten vilje til å lytte til kringkastarane, seier kommunikasjonsdirektør Espen Skoland i DNN til NTB.


(©NPK)