Postbod sikta for å sende narkotika i posten

Eit postbod i Bergen er sikta for å ha sendt heroin og amfetamin i posten. Pakkene vart adresserte til postkasser på ruta hans.
innenriks

Mannen er sikta for å ha sendt i overkant av 100 gram heroin og 750 gram amfetamin i posten, og dessutan mindre mengder kokain og narkotiske tablettar, ifølgje Bergensavisen.

– Pakkene var adresserte til eit namn som ikkje vart funne igjen i nokon offentlege register og som truleg var fiktivt, seier politiadvokat Bernt Dahlsveen i Vest politidistrikt.

Hendingane skal ha funne stad mellom juni og november i 2018. Mannen nekta straffskuld innleiingsvis, men har seinare innrømt handlingane.

Ei av dei største sendingane vart stansa av tollvesenet i november. Dei informerte politiet om funnet, og det vart sendt ut hentelapp til namnet som stod oppført på pakken. 19. november møtte mannen opp i ein butikk i Bergen for å hente ut pakka. Kort tid etter vart han arrestert av politiet.

– Det viste seg at mannen hadde hengt opp ei postkasse på eit stativ i nærområdet med det fiktive namnet på, nettopp med det formålet å få narkotika utlevert, seier Dahlsveen.

Mannen jobbar som sjåfør og har eige firma innanfor distribusjon. Fleire sendingar var til postkasser på ruta hans.

Mannen er varetektsfengsla, men anka fengslinga til lagmannsretten, som avviste anken. Avgjerda er nyleg anka til Høgsterett.

(©NPK)