Personar som «heia» på Manshaus på nett oppgav å vere norske

I timane etter moskéåtaket deltok 26 personar som oppgav å vere norske på eit høgreekstremt diskusjonsforum. Nokre uttrykte skuffelse over utfallet av åtaket.
innenriks

Det viser ei kartlegging Aftenposten har gjort av ein tråd på eitt av diskusjonsforuma der den terrormistenkte Philip Manshaus deltok.

Politiets tryggingsteneste (PST) seier til avisa at talet på personar som uttrykkjer ekstremistiske utsegner i slike forum, er så stort at det i seg sjølv bidrar til å gjere arbeidet til politiet vanskelegare.

– Overraskande mange

– Det er ikkje slik at det er mange hundre menneske. Men det er overraskande mange i Noreg som sympatiserer og uttrykkjer støtte for den typen handlingar, sa seksjonssjef Arne Christian Haugstøyl til Filter Nyheter måndag.

I tråden som Aftenposten har lese, blir angrepet først hylla av ein amerikansk brukar som håper på «eit solid drapstal». Etter kvart loggar fleire som oppgir å vere nordmenn seg på. Dei har fått med seg hendinga og uttrykkjer skuffelse over at ingen i moskeen vart drepne, samtidig som ein påstått nordmann skryt over at Breivik «har rekorden» med 77 drap.

Undervurderer

Forskar Lars Erik Berntzen ved Senter for ekstremismeforsking C-REX meiner ein har undervurdert tydinga av slike diskusjonsforum.

– Vi har ikkje heilt forstått i kor stor grad denne sosialiseringa på nett erstattar møte mellom menneske. Ein eggar kvarandre, oppmuntrar kvarandre og gir kvarandre kjensla av å bli sett, seier han til Aftenposten.

Alle brukarane på det nemnde forumet er anonyme, og det er derfor usikkert om dei er norske eller berre bruker eit system som gjer at det ser ut som dei publiserer frå Noreg.

På ein pressekonferanse måndag stadfesta PST at dei for eit år sidan fekk tips om Philip Manshaus, men at han ikkje vart sett på som ein trussel.

PST vil ikkje seie om dei visste at Philip Manshaus hadde tilgang til våpen, men innrømt tysdag overfor NTB at dei truleg ville ha reagert annleis om dei hadde meir informasjon.

Blir latterleggjort i etterkant

I ettertid av moskéangrepet har den sikta vorte latterleggjort blant likesinna som fleipar om inkompetansen hans. Ifølgje Dagsavisen blir Manshaus kalla ein amatør og ledd av fordi han vart overmanna av ein «gammal mann». «Tenk å dra til ein moské på ein laurdag. Kan han ingenting om islam?» spør ein annan og siktar til at bygningen var nesten tom då gjerningsmannen kom.

Terrorforskar Tore Bjørgo seier til NRK at mange som deltar i slike forum ønsker heider, og at målet er å bli udødeleggjort – enten ein overlever eller ikkje.

– Han klarte ikkje å få laga ein livestream eller videooverføring av handlinga si. Han er ikkje dugeleg nok på det teknologiske. Og han klarte ikkje å drepe nokon då han angreip moskeen. Dermed blir han sett på som ein tapar, seier Bjørgo.


(©NPK)