Overskotet i klesbransjen går ned

Overskotet til dei største klesaktørane i Noreg gjekk ned heile 39 prosent i fjor. Mykje grunna netthandel og gjenbruk, meiner ekspertane.
innenriks

Oversikta til Dagens Næringsliv viser at 13 av dei 22 største aktørane innan klesbransjen i Noreg hadde eit fallande sal på nærare 400 millionar. Det samla resultatet før skatt fall frå 540 millionar kroner i 2017 til 328 millionar i 2018.

Nye utrekningar frå Virke Handel viser at kleskonsumet til nordmenn auka med 3,9 prosent i snitt i perioden frå 2012-2017, medan omsetninga i norske butikkar berre auka med 1,1 prosent i snitt. Samtidig auka kleskjøpet til nordmenn frå utanlandske nettbutikkar med heile 31,8 prosent i årleg snitt.

– Klesbransjen fall i fjor og vil falle kraftigare framover. Det er ikkje berre netthandel som truar dei tradisjonelle aktørane, men også resirkuleringstrendar og berekraftsperspektivet vil påverke marknaden. Særleg den yngre generasjonen adopterer delingsøkonomien i større grad enn eldre, meiner bransjeanalytikar Eirik Melle og berekraftsansvarleg Kristin Kvåle i Danske Bank.

Dressmann, som har gjort ein snuoperasjon med ei resultatbetring på 300 millionar, er ikkje tatt med i DNs oversikt.

(©NPK)