Markering utanfor Stortinget mot muslimhat

Klokka 18 onsdag blir det halden ei markering mot muslimhat og terror utanfor Stortinget etter hendingane i Al-Noor-moskeen i Bærum laurdag.
innenriks

Det er samfunnsdebattant og Ap-politikar Lailal Janet Ayoub som er initiativtakar til markeringa, som har fått støtte frå 35 organisasjonar. Ho arrangerer markeringa som privatperson saman med venninna Anne Karima Nordengen.

– Vi samlast for å stå saman mot dette hatet, vise samhald, toleranse og kjærleik. Skulder til skulder, hand i hand mot hat og ekstremisme, står det i skildringa av arrangementet.

Blant dei som skal tale under markeringa, er byrådsleiar Raymond Johansen (Ap), ekstremismeforskar Lars Gule og Rune Berglund Steen, som er dagleg leiar for Antirasistisk Senter.

På markeringa si Facebook-side har rundt 800 menneske onsdag formiddag markert at dei kjem på arrangementet, medan 4.000 personar har huka av for at dei er interesserte.

(©NPK)