Mann frå Bergen tiltalt for å ha medverka til overgrep

Ein mann i 40-åra frå Bergen er tiltalt for å ha medverka til at ein annan mann forgreip seg på stedottera si.
innenriks

Den tiltalte mannen skal ha oppmoda til og etterspurt overgrepshandlingar gjennom Skype-chatting og i e-postar til den andre mannen, ifølgje Bergens Tidende.

Han skal òg ha «uttrykt begeistring» over bilde av tidlegare overgrep den andre mannen hadde utført mot stedottera. Mannen i 40-åra skal òg ha beskrive ytterlegare handlingar som kunne utførast mot jenta, ifølgje tiltalen.

Han er i tillegg tiltalt for å ha delt seksualiserte bilde av stedottera til den andre mannen med fleire på nettet, og mannen skal då også ha delt namnet til jenta.

Mannen er òg tiltalt for mellom anna seksualisert chatting med barn på Skype og omgang med overgrepsbilde med barn.

(©NPK)