Har samla inn over 130.000 kroner til heltane i moskeen

660 givarar har så langt donert over 134.000 kroner til mennene som stoppa Philip Manshaus, då han tok seg inn i moskeen Al-Noor Islamic Centre laurdag.
innenriks

Målet med innsamlinga på Spleis er å sende Mohamed Rafiq og Mohamed Iqbal på pilegrimsreise til Mekka. I tillegg blir ein tredje helt nemnd som sprang etter hjelp.

«Vi lyser fred over minnet til terroristens dødsoffer Johanne Zhangjia Ihle-Hansen (17) og ønsker også å vise solidaritet med onklene som avverget at det ble flere ofre. De fortjener kun det aller beste», skriv Elisabeth Norheim som står bak innsamlinga.

Blir hylla

I ettertid av angrepet har 65 år gamle Mohamed Rafiqs heltemot vorte hylla, blant andre av Frp-leiar Siv Jensen.

– Mohamed Rafiq er ein ekte helt. Han stoppa eit terrorangrep som kunne fått fatale konsekvensar. Du skal vite at Noreg er takknemleg for den heltemodige innsatsen din, sa Jensen då ho heldt partileiarforedrag på Litteraturhuset i Oslo tysdag ettermiddag.

Til TV 2, som først omtalte innsamlinga, fortel Rafiqs son at faren som er pensjonert frå Pakistan Air Force, stod like ved då Manshaus kom inn.

Basketak

– Det oppstod eit basketak, og far klarte å legge han i bakken. Han seier at han plutseleg fekk masse krefter og styrke. Eigentleg hadde han fasta denne dagen, så kroppen hadde ikkje mykje energi. Han heldt på åleine før dei andre kom og hjelpte til, seier han.

Rafiq fekk hjelp av Iqbal som slo gjerningsmannen. Basketaket skal ifølgje NRK ha vart i om lag 20 minutt før politiet kom.

Ein tredje helt

I ei oppdatering om innsamlinga natt til onsdag skriv Norheim at ho har vore i kontakt med imam Syed Mohammad Ashraf som takka for støtta på vegner av dei to mennene, og samtidig spurde om ein ung mann som også var i moskeen under angrepet og som sprang etter hjelp, kunne bli innlemma i innsamlinga. Det har innsamlaren sagt ja til.

«Imamen berømmet den unge mannens mot og påpekte hvor viktig også hans innsats var. Denne unge mannen har aldri vært på pilegrimsreise, og imamen mente det ville betydd mye for han å få reise med onklene» , skriv Norheim.

Ifølgje Aftenposten var det berre tre personar i moskeen då sikta kom inn i bygget og byrja å skyte. Berre ti minutt tidlegare skal 15 personar ha vore der.

I islam er pilegrimsreise til Mekka ein av dei fem søylene og noko av det største du kan gjere. Ifølgje initiativtakaren til innsamlinga vil ei slik reise, på tre veker, koste omtrent 55.000 kroner per person.

(©NPK)