Fridomsfråtaking i Buskerud kan ha samanheng med ran og drapstruslar i Drammen

Ein av mennene som vart stansa i Buskerud tysdag med ein 14-åring i bilen, er òg sikta for grovt ran. Siktinga kan bli ytterlegare utvida, ifølgje politiet.
innenriks

Ranssiktinga er knytt til ei hending laurdag ettermiddag då mannen i 30-åra skal ha drapstrua ei kvinne i Drammen for å få henne til å køyre til ein minibank i Lier for å ta ut pengar, ifølgje NRK.

Den same mannen vart tysdag sikta for fridomsfråtaking saman med ein annan mann då dei etter fem timar vart arrestert i Tranby i Buskerud med ein 14 år gammal gut i bilen.

Politiet jobbar med å finne ut kva som skjedde i timane før bilen vart stansa, og stadfestar at denne saka blir sett i samanheng med fleire alvorlege hendingar, og at siktinga mot mennene kan bli utvida.

Begge blir framstilt for varetektsfengsling i Drammen tingrett torsdag etter lunsj.

Politiet: – Ekstra alvorleg

Politiet jobbar med fleire teoriar om kva som var motivet for fridomsfråtakinga.

– Vi er no i ein aktiv etterforskingsfase og bruker tid på å kartleggje kva som har skjedd frå dei to mennene tok bilen med 14-åringen, til arrestasjonen tysdag ettermiddag, seier politiadvokat Kjell Are Strøm i ei pressemelding.

Det var tysdag ved 12-tida at dei føresette for guten melde han sakna etter at bilen han venta i utanfor eit forretningslokale i Drammen var borte, opplyser Aust politidistrikt. Guten er kommen tilbake til sine føresette.

– Guten vart funnen i bilen saman med dei arresterte. Vi har grunn til å tru at han var saman med dei i heile perioden frå bilen vart stolen til mennene vart arrestert, seier Strøm til NTB.

– Guten har det etter forholda bra. Kriseteamet i kommunen han bur i, er kontakta og vil følgje opp guten vidare. Han er sjølvsagt prega av dette, men han er ikkje fysisk skadd, seier Strøm

Skal ha vorte trua

Politikjelder seier til NRK onsdag at guten truleg har vorte trua under bilturen, og at dei to mennene skal ha prøvd å stele fleire bilar i Oslo-området. Etter det NRK erfarer, skal den 14 år gamle guten frå drammensdistriktet bli avhøyrd på barnehuset i Sandefjord onsdag formiddag.

Kjell Are Strøm stadfestar overfor NTB at guten blir avhøyrd onsdag.

– Guten har gitt oss nokre korte opplysningar då han vart levert til foreldra igjen i går. I dag blir det gjennomførte eit avhøyr av han. Då vil vi forhåpentlegvis få vite meir om kva som har skjedd, seier Strøm.

Trur guten var tilfeldig offer

Politiadvokaten seier at den eine av dei sikta mennene vart avhøyrde tysdag kveld, medan den andre blir freista avhøyrt under onsdag.

– Det er tatt blodprøvar av dei to for å avklare i kva grad dei var rusa, seier Strøm.

Det er ikkje noko som tyder på at guten kjente dei to mennene. Dei er begge er frå austlandsområdet. Politiet trur guten var eit tilfeldig offer og prøver å få avklart om det dreier seg om bevisst fridomsfråtaking eller eit biltjuveri som har gått gale.

(©NPK)