Alle ulvane i Letjennareviret kan bli felte

Sekretariata til rovviltnemndene tilrår at det vert felt inntil åtte ulvar innanfor ulvesona og inntil tolv utanfor sona.
innenriks

Målet med fellinga innanfor ulvesona er å ta ut heile Letjennareviret, som i hovudsak ligg i Elverum kommune i Hedmark.

Kor mange ulvar som skal fellast, blir bestemte i fellesmøtet dei to rovviltnemndene skal ha 20. august, skriv Nationen.

Sekretariata meiner at bestandsmålet i 2020 kan bli nådd sjølv om eit heilt revir blir felt. Dei peikar òg på at det er stor innavl i den skandinaviske ulvestammen. Letjennareviret blir peikt ut fordi reviret har vore etablert i same område over lengre tid.

- Det blir drive eit aktivt beitebruk i området som er omfatta av Letjennareviret. Det blir halde både sau og storfe på innmarksbeite, i tillegg går også noko storfe fritt på utmarksbeite. Fram til 2007 var det til dels omfattande skadar på sau som blei sleppt på utmarksbeite i området. Det var ikkje lenger mogleg å sleppe sau på utmarksbeite, og det blei derfor gjennomført omfattande omstilling i beitenæringa, skriv sekretariata i innstillinga.

Sekretariata tilrår òg felling av inntil tolv ulvar utanfor ulvesona. Fellingane skal skje i Akershus og delar av Hedmark, men enkelte område i Stor-Elvdal og Rendalen i Hedmark blir anbefalte å unngå jakt. Grunnen er at det er funne spor etter ein kvalp i Deisjøreviret, og ved å sjå bort frå jakt, håper sekretariatet å unngå at vaksne dyr i reviret blir felte før eventuelle kvalpar kan klare seg sjølv, står det i innstillinga.

(©NPK)