17 tidlegare statsrådar krev at regjeringa hentar Syria-barna heim

Redd barna og 17 tidlegare statsrådar frå seks parti krev at regjeringa hentar norske barn i Syria heim til Noreg.
innenriks

Ifølgje Politiets tryggingsteneste (PST) er det seg rundt 40 norske barn i Syria.

Styresmaktene har tidlegare henta heim foreldrelause barn, men vil ikkje hente foreldre som har vore medlemmer av ekstremistgruppa IS, tilbake til Noreg.

No har Redd Barna og 17 tidlegare statsrådar sendt eit opprop til statsminister Erna Solberg (H) der dei krev at norske barn får komme til Noreg, skriv NRK.

«Vi er veldig bekymra for den kritiske situasjonen barna er i. Vi oppfordrar regjeringa på det sterkaste til å snarleg hente heim dei norske barna og deira mødrer som ber om hjelp», står det i oppropet.

Initiativtakar og tidlegare utanriksminister Knut Vollebæk frå KrF seier at situasjonen er kritisk:

– Dei som har vore inne i Syria og vurdert forholda for barna, meiner at situasjonen i leirane er så forferdeleg at både barna og dei vaksne kan døy, seier Vollebæk.

Statssekretær Audun Halvorsen i UD svarer at det er uaktuelt å hente barna heim.

– Spørsmålet om vaksne framandkrigarar som då er i følgje med desse barna, reiser ei lang rekke problemstillingar. Det handlar om tryggingsvurderingar og juridiske spørsmål, seier han.

Dei tidlegare statsrådane som har skrive under på oppropet er:

* Kjell Magne Bondevik (KrF), tidlegare statsminister, utanriksminister, og kyrkje- og undervisningsminister.

* Helen Bjørnøy (SV), tidlegare miljøvernminister.

* Odd Einar Dørum (V), tidlegare justisminister og samferdselsminister.

* Laila Dåvøy (KrF), tidlegare barne- og familieminister og arbeids- og administrasjonsminister.

* Anne Enger (Sp), tidlegare kulturminister.

* Hilde Frafjord Johnson (KrF), tidlegare utviklingsminister.

* Kari Gjesteby (Ap), tidlegare handelsminister og justisminister.

* Bjørn Tore Godal (Ap), tidlegare forsvarsminister, utanriksminister, og handelsminister.

* Kirsti Kolle Grøndahl (Ap), tidlegare kyrkje- og undervisningsminister og utviklingsminister.

* Åslaug Marie Haga (Sp), tidlegare olje- og energiminister, kommunal- og regionalminister, og kulturminister.

* Ellen Horn (Ap), tidlegare kulturminister.

* Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), tidlegare sosialminister, kommunal- og regionalminister, og samferdselsminister.

* Eldbjørg Løwer (V), tidlegare forsvarsminister, og arbeids- og administrasjonsminister.

* Victor Norman (H), tidlegare arbeids- og administrasjonsminister.

* Tove Strand (Ap), tidlegare sosialminister og arbeids- og administrasjonsminister.

* Sissel Rønbeck (Ap), tidlegare forbrukar- og administrasjonsminister, miljøminister og samferdselsminister.

* Knut Vollebæk (KrF), tidlegare utanriksminister.

(©NPK)